Rosenmetoden -

når kroppen hugsar det du har gløymd

Rosenvoss - kva tilbyr eg?

rosenvoss_behandling_3781-02.jpg

Behandling i Rosenmetoden

Rosenmetoden er ei kroppsbehandling som gjev deg djup avspenning, friare pust og bevisstgjering. I behandlinga nyttar eg som rosenterapeut ei mjuk og direkte berøring. Med mine hender og mitt nærver lyttar eg til kroppen din og dei signala den sender ut.

Rosenmetoden kan vera eit godt alternativ for deg som har spente og verkande musklar, har vanskar med å slappa av i ein stressa kvardag og som kjenner deg trøytt sjølv om det ellers ikkje feiler deg noko.

Hovud- og nakkemassasje

Unn deg litt velvære i ein hektisk kvardag med ein hovud- og nakkemassasje.

Du ligg avslappa på ein benk og berre tek i mot. Dei fleste kjenner det behageleg og avspennande.

Hovud- og nakkemassasje vert tilbydd som behandlingar på 30 eller 50 minutt.