
Rosenvoss - Rosenterapeut Gulla Solstad
“Når kroppen hugsar det du har gløymd”
ROSENVOSS
Rosenvoss vart etablert i 2007. Rosenvoss, ved rosenterapeut Gulla Solstad er medlem i Norske Rosenterapeuters forening.
Rosenterapeut Gulla Solstad
Gulla vart fødd ein fin haustdag i september 1967. I år 2002 las ho om Rosenmetoden og kjente eit “sug” i magen. Nysgjerrig og impulsiv, så var vegen til påmeldt på kurs kort. Dette var noko ho ville og brått var ho i gang. Gulla har trua på at om det er noko ein verkeleg vil og ynskjer, så får ein det til! I februar 2005 var ho i gang som praksiselev og ho var ferdig utdanna rosenterapeut i februar 2007.
Utdanning
Grunnutdanning over ein 2 1/2 års periode hjå det som då heitte Axelsons Work School, i dag Rosenmetoden skolen. Etter undervisningsperioden fylgde ein praksisperiode med min. 350 behandlingar før eg vart sertifisert rosenterapeut.